Fagsamling NOKU Vestland
Fagsamling NOKU Vestland: Nettverksarbeid for kultur
Fagsamlinga på Skjerjehamn arrangeres 20. og 21.september.
Tema for samlinga er «Nettverksarbeid for kultur» og målgruppa er kommunetilsette i kulturadministrasjon i Vestland. På programmet blir det både fagleg innhald, guida tur på Skjerjehamn, god mat og ikkje minst høve for å møte kollegaer igjen. Sjå programmet nederst på sida.
Det vil vere avgrensa plasser til samlinga, og «fyrstemann til mølla»-prinsipp. Påmelding via knappen over.
NOKU Vestland tinger båtreise på vegner av deltakarane, men reise til båten må ein ordna sjølv. NOKU Vestland sender ut informasjon om reise til alle påmelde deltakarar ein veke i forkant.
Eigenandel per person er 990 kroner. Dette inkluderer lunsj, middag, overnatting og frukost. Av omsyn til transporttider, vert det avreise etter frukost 21. september. NOKU Vestland tinger overnatting for alle, dersom ikkje anna vert oppgitt
På vegner av styret i NOKU Vestland,
Odd Gunnar Myhre, styreleiar og Marianne Ose Askvik, styremedlem
11.00 | Velkommen Velkommen ved Odd Gunnar Myhre, styreleier i NOKU Vestland |
11.10 | IInformasjon frå NOKU sentraltInformasjon frå NOKU sentralt v/ Monica Faye, rådgivar administrasjon NOKU |
11.20 | Amatørkulturråd: kvifor og korleis Amatørkulturrådet Askøy og Amatørkulturrådet i Bergen deler sine erfaringar v/ Geir Eikenes, dagleg leiar i Amatørkulturrådet i Bergen og Geir Storrø, Amatørkulturrådet Askøy |
12.10 | Tusenårsstaden Gulatinget Forvaltning av den immaterielle kulturarven etter Gulatinget og om korleis dei jobbar for å skape aktivitet på Tusenårsstaden v/ Anne Hopland, dagleg leiar og Tone Ekerhovd, formidlar |
12.30 | Lunsj3-retters meny i restauranten |
13.30 | Regional plan for kultur, idrett og friluftsliv - Vestland 2022-2035I løpet av hausten 21 vert eit utkast til regional plan for kultur, idrett og friluftsliv utforma. Planen skal på høyring i mars-mai 22. Vestland fylkeskommune vil her informere om prosessen og planarbeidet så langt. Det vert lagt opp til innspel og debatt frå deltakarane på samlinga v/ Sissel Lillebø Aarseth, seniorrådgjevar Avdeling for kultur, idrett og inkludering |
15.30 | Kaffe med noko å bite i |
16.00 | Informasjon om Utkant-festivalen / Skjerjehamn inkl. guida tur på områdetPresentasjon av Utkant v/ Hanne Svanholm Misje |
17.00 | Slutt for dagenInnsjekking for dei som har overnatting |
19.00 | Middag3-retters meny i restauranten |
08.00 | Felles frukost |