NOKU gjer meg inspirert!

Vi har tatt en prat med Lilli Husby som er kulturleder i Surnadal kommune og fylkesleder i NOKU Møre og Romsdal, om betydningen av å være med i Norsk kulturforum.

Publikum på kulturlivets svar på Arendalsuka – Kulturytring i Drammen i fjor. Foto: Nikolai Grasaasen

Kan du si noe om hva det betyr for deg og din kommune og være en del av nettverket NOKU legger til rette for?

–       Å ha eit godt fagleg nettverk med andre som arbeider med kultur på tvers av fylket er heilt unikt. Nesten kvar gong vi har møte (som oftast på teams) plukker eg opp erfaringar eller gode idear frå kollegaer rundt om i fylket som eg får lyst til å bruke i eigen kommune, dette veit eg gjeld for dei andre òg.

–       Vi har òg ei og anna fysisk samlinga. I 2023 hadde vi eit medlemsmøte på Aukra og fekk besøke deira nye flotte kulturhus. Der var ikkje berre kulturleiarar med, men og kollegaer frå organisasjonen som arbeider med kulturhus/kino/arrangement/ungdom. Det vart ein flott og inspirerande dag.

Kan du si noe mer om betydningen av å være medlem av NOKU?

– Det å vere medlem i ein interesseorganisasjon som NOKU handlar ikkje berre om nettverksbygging. Men det å ha ein stor organisasjon i ryggen som arbeider opp mot det politiske nivået og departementet, er ei viktig ryggrad å ha når det kjem til den overordna kulturpolitikken. Dei arbeider mellom anna med høyringar på vegne av oss på mange områdar og dei er dyktige til å inspirere oss som kommunar til å svare ut høyringar frå departementet. Eg blir inspirert av kulturpolitisk arbeid. No sist var det den nye kulturlova (som vi ventar spent på) som var det store temaet.

–       Eit anna viktig og inspirerande område dei arbeider med er kompetanseheving. Ikkje nok med det vil eg påstå at NOKU arrangerer dei beste nasjonale kulturkonferansane i Norge. Dei arrangerer Kulturytring i Drammen, og I fjor reiste vi i NOKU Møre og Romsdal nedover og gjennomførte ein god debatt – Kunst i skulen, er det viktig? Det var ei artig (men slitsam) oppleving om eit viktig og engasjerande tema.

Hva vil du si til kommuner som ikke er medlem av NOKU idag?

– For oss i relativt små kommunar (Surnadal har under 6 000 innbyggarar), så er det viktig å ha eit godt fagleg nettverk med andre. Ofte sit vi aleine å baskar med den same tematikken og problematikken, som dei større kommunane som har ein fagleg organisasjon rundt seg i kvardagen. Det å få råd av dei større kommunane er ein viktig oppgåve i nettverket, men det er òg viktig for oss i dei mindre kommunane å dele med kvarandre, korleis vi løyser forskjellige saker i kvardagen.

– Noko anna, som eg har nemnt tidlegare, er dei gode ideane og det faglege påfyllet. Min påstand er at det å vere med i NOKU gjer oss til betre kulturleiarar. Det vil i sin tur styrkje det lokale kulturlivet, som igjen vil vere med på å auke trivselen og bulysta i lokalsamfunna.

BLI MEDLEM AV NOKU

Lilli Husby er kulturleder i Surnadal kommune og fylkesleder i Norsk kulturforum Møre og Romsdal. Foto: Privat

Klimadebatt på Kulturytring i 2023. Foto: Nikolai Grasaasen