Under ein kulturkonferanse på Nordfjordeid i 2004 satsa eg ei heil kasse god raudvin overfor kulturkamerat Magnar Lund Bergo, SV, på at ei muleg raudgrøn regjering aldri ville få på plass ei kulturlov. Eg tapte dette veddemålet. I ettertid har eg lurt på om eg ikkje burde ha fått mesteparten av gevinsten tilbake.

Under ein kulturkonferanse på Nordfjordeid i 2004 satsa eg ei heil kasse god raudvin overfor kulturkamerat Magnar Lund Bergo, SV, på at ei muleg raudgrøn regjering aldri ville få på plass ei kulturlov. Grunngjevinga mi var enkel: Ap er for kulturlov i opposisjon og mot når dei kjem i posisjon.
Eg tapte dette veddemålet. For den nye raudgrøne regjeringa la 13. april 2007 fram Ot.prp. nr. 50 (2006-2007) Om lov om offentlege styremakters ansvar for kultur-verksemd (kulturlova). Lovforslaget vart i juni vedteke mot røystene frå Frp og H. Den korte kulturlova med sine seks enkle paragrafar tredde i kraft 1. august 2007. Knapt to år seinare, under ei høgtideleg feiring av 60-årsdagen til Magnar Lund Bergo på Victoria nasjonale jazzscene i juni 2009, overrekte eg den lova vinen, og meire til, til jubilanten. I ettertid har eg lurt på om eg ikkje burde ha fått mesteparten av gevinsten tilbake.
Kulturlova
I månadene etter at kulturlova blei vedteken var dei raudgrøne kulturpolitikarane svært så offensive. Denne teksten er tidstypisk:
«Flere får mulighet til å oppleve mer, flere får mulighet til å engasjere seg mer, flere får mulighet til å delta mer. Og det gjelder alle – enten vi er profesjonelle eller frivillige – enten det er snakk om det lokale kulturlivet eller det nasjonale …… Kultur-Norge har lenge ønsket seg en kulturlov. Forrige periode fikk de ikke det, fordi dagens opposisjonspartier var imot. Nå har vi vedtatt Kulturloven. Kultursatsing i kommunene og fylkeskommunene er større enn noen gang … Med den rød-grønne regjeringen opplever Kultur-Norge gode dager. Aldri har vi sett en så offensiv og kraftig kultursatsing som vi gjør nå.» (Teksten er henta frå eit rundskriv av Gunn Karin Hjul, Ap, nestleiar i kulturkomiteen, trykt i ei rekkje aviser i oktober 2007).
Dei lokale kulturarbeidarane, som lenge hadde fronta kravet om ei kulturlov, var meir reserverte. «Ingen jublar for kulturlova», konstaterer journalist Alfred Fidjestøl i Klassekampen 2. august. Han har intervjua røynde kultursjefar som Alfhild Skaardal i Skien og Jorunn Bøe i Risør kommune, pluss kulturkonsulent (i 30 pst. stilling) Anne Karin Misje i Gulen kommune. For dei to førstnemnde vil lova ikkje ha noko å seie i praktisk kulturpolitikk. «Det er ei veldig rund lov, ho kan tolkast ulikt, men det er trass alt ei lov», seier Bøe. Heller ikkje kulturkonsulenten i Gulen, som var den kommunen i landet som brukte minst på kultur, trur på lova. «Heller pengar», seier kulturkonsulent Misje. Men ho legg til at det lokale ungdomsrådet er positivt til lova «fordi dei meiner at dei no kan tvinge kommunen til å bruke pengar på ungdomshus.»
Kulturlova har vi no levd med i 13 år. Ho har aldri vorte evaluert. Men Kulturutredningen 2014 (NOU 2013:4) som evaluerte heile det Kulturløftet som kulturlova var ein (viktig ?) del av, sa dette:
Analysene utvalget har fått utført av utviklingen i kommunenes utgifter til kulturformål, og innspill fra aktører i kulturlivet, tyder ikke på at kulturloven har hatt nevneverdig betydning for budsjettutviklingen på dette området (s.18).
Utvalet viste her til at Telemarksforsking i sine analysar ikkje fann nokon indikasjonar på at «loven har hatt noen effekt på kommunenes kulturutgifter» (s. 252). Utvalet konkluderer med at «det kreves en aktiv bruk av supplerende virkemidler for å sørge for at den får virkning i kulturlivet» (s. 252). Kulturlivet har teke dette til sitt bryst, og arbeider no aktivt for å styrkje lova. Dei festar si lit til Kulturdepartementets signal om ein lovrevisjon i kulturmeldinga «Kulturens kraft» frå 2018.Spørsmålet om ei kulturlov har frå starten av vore nøye knytt til etablering og utvikling av «kulturverksemd» som eit ansvar for kommunar og fylkeskommunar. Denne «verksemda» var statleg initiert og fekk ein «flying start» frå midten av 1970-talet med to svært så målretta kulturmeldingar, øyremerkte statlege løyvingar og modellar for organisering av kulturverksemda på kommunalt nivå. Vi fekk kommunale kulturstyre og, etter kvart, hovudutval for kultur. Samtidig kom det kultursekretærar frå DH-skulen i Bø. Nokre lærarar og offiserar hoppa også over til kulturen. Kulturen vart både politisk og administrativt relativt snøgt etablert som eit eige ansvarsområde i kommunar og fylkeskommunar, sjølv om det alt frå starten av var store forskjellar mellom kommunane på dette feltet. Men korleis ville det gå med kulturen når dei øyremerkte midlane forsvann, og kulturen skulle konkurrere om knappe økonomiske midlar med skule- og helse- og sosialfeltet, som alle var lovregulerte og hadde sterke profesjonar bak seg? Og kva ville skje når kulturen vart slått politisk og/eller administrativt saman med andre kommunale ansvarsfelt, som oppvekst, helse, næring etc.? Ville ikkje kulturen då verte ein salderingspost? Det er, djupast sett, denne uroa som har lege, og framleis ligg, bak ønsket frå det lokale kulturlivet om ei kulturlov. Om du ikkje trur meg, så får du lese det første utkastet til «Lov om kulturarbeid i fylkeskommuner og kommuner» som alt i 1981 vart lagt fram av Kultur- og Fritidskonsulentenes Råd. I dette utkastet vart det i detalj skildra korleis kulturarbeidet i kommunar og fylkeskommunar skulle organiserast og utviklast både politisk og administrativt. Forslaget var i hovudsak ei fastslåing, og dermed ei fastlåsing, av arbeidsoppgåver, styringsorgan, administrasjon og planarbeid for kulturfeltet i kommunar og fylkeskommunar. Inga regjering ville sjølvsagt leggje eit slikt lovforslag fram for Stortinget.
Kulturutgifter og kultursatsingar
Korleis har det så gått med kulturarbeidet i kommunar og fylkeskommunar sidan starten på 1980-talet? Det generelle svaret er at det stort sett har gått rimeleg bra. Kulturen har klart seg rimeleg godt på lokalt og regionalt nivå. Vi har fått ein kultursektor å rekne med. Kulturen har ikkje vorte nokon salderingspost. I alle fall ikkje om vi ser på heile det kommunale kulturbudsjettet, inklusive den mektige idretten. Vi har mange forskings- og utgreiingsrapportar som viser oss dette. Det lokale kulturlivet har også endra seg dramatisk sidan 1980-talet. I boka «Lokalt kulturliv i endring» (Aagedal m.fl. 2009) skriv forfattarane innsiktsfullt om framveksten av nye aktørar, nye arenaer, nye kulturhendingar og nye organisasjons- og finansieringsformer i kulturlivet. Men framleis seier mange (kultur)politikarar at det lokale kulturlivet er basert nesten fullt ut på frivilligheit. Den lokale kulturen vart ikkje borte sjølv om kommunane valde vekk hovudutvalsmodellen eller fordi kultursjefen blei nestkommanderande i ein oppvekst- og kulturetat. Kulturutgiftene til kommunane har auka ganske betydeleg, i periodar sterkare enn andre kommunale driftsutgifter. Ei rekkje kommunar kring om i landet har bygt store og svære kulturhus og bibliotek som ingen kunne førestille seg for 20 år sidan. For ikkje å snakke om alle idrettshallane, fotballbanene og idrettsanlegga vi har fått. Men idretten høyrer visst ikkje inn under kulturomgrepet. I alle fall vert han ignorert i alle kulturdebattane. I perioden 2008–19, som eg har sett nærmare på, har samla netto driftsutgifter til kulturformål i norske kommunar vakse med 50 pst. Per innbyggjar er veksten 33 pst. Tala er i faste prisar. Veksten var svakast i byrjinga av tiåret etter 2010. I 2008 og i 2010 utgjorde driftsutgiftene til kultur 4,4 pst. av dei samla kommunale netto driftsutgiftene. I 2013 var prosentdelen nede i 3,7. Deretter gjekk det sakte oppover. I 2019 var den igjen komen opp i 4,4. Femårsperioden 2015–2019 har såleis vore nokre rimeleg gode kommunale kulturår, når vi ser heile sektoren under eitt. Men om vi ser på delområda, vert bildet noko annleis.For heile perioden 2008–19 er det folkebiblioteket som kjem dårlegast ut, følgt av aktivitetstilbod for barn og unge og deretter kulturskulen. Per innbyggjar har det vore nullvekst for biblioteka. Satsinga på nye og tiltalande bibliotekslokale i fleire kommunar gir så langt ingen utslag på den nasjonale statistikken. Engerutvalet kalla dei tre nemnde kulturområda for «den kulturelle grunnmuren» og tok til orde for eit særleg kulturløft for desse utsette områda. I norsk kulturpolitikk synest ingen å ha brydd seg særleg med dette.Utgifter til idrett og idrettsanlegg og til kulturbygg og andre kulturaktivtetar utgjer derimot ein aukande del av utgiftene. Idrettsutgiftene utgjer no rundt 34 pst. av samla netto driftsutgifter til kultur. I 2008 var denne prosentdelen 27. Kvifor bryr ingen i kulturlivet seg med dette? Kulturbygg og andre kulturaktivitetar 1utgjer no ca. 24 prosent, mot 21,5 pst. i 2008. I 2008 utgjorde desse to hovudpostane (idrett/idrettsanlegg og kulturbygg/kulturaktivitetar) 48 pst. av dei kommunale driftsutgiftene til kultur. I 2019 utgjorde dei 57 prosent. Derimot har «den kulturelle grunnmuren» svekt si stilling betydeleg. I 2008 utgjorde utgiftene til «bibliotek, kulturskule og aktivitetstilbod for barn og unge» 41 pst. av dei kommunale netto driftsutgifter til kultur. I 2019 var prosentdelen gått ned til 32 pst. Jf. tabellen nedanfor, der vi har delt dei kommunale driftsutgiftene til kultur i tre hovudkategoriar. Tabellen viser kor stor prosentdel utgiftene til desse formåla utgjorde av dei samla kommunale netto driftsutgiftene til kulturformål.
Forskarane Lars Håkonsen og Knut Løyland gjorde ei analyse for Kulturutredningen 2014 av utviklinga av kommunale kulturutgifter 2001-2010. Her kom det fram at også i denne perioden var det områda bibliotek og aktivitetstilbod til barn og unge som kom svakast ut. Kulturskuleområdet kom relativt dårleg ut mot slutten av denne perioden. Det var områda idrett og andre kulturaktivitetar/kulturbygg som hadde blitt prioritert klart sterkast internt blant kulturformåla i også i denne perioden (s. 106–107).
«Det er de to områdene Idrett (inkludert kommunale idrettsbygg og idrettsanlegg) og Andre kulturaktiviteter og kulturbygg (inkludert kommunale kulturbygg, samt tilskudd til andres kulturbygg) som står for nesten hele den samlede veksten i netto driftsutgifter til kulturformål» (s. 126–127). Området «Andre kulturaktivitetar» omfattar det forskarar har kalla «begivenhetskulturen», jf. fotnote 1. Den utviklinga som eg har peikt på, og som vert avspegla i den vesle tabellen, har altså prega kulturutviklinga i kommunesektoren siste 20 åra. Lat meg her minne om at vi har både 1) ei biblioteklov og 2) ei opplæringslov, der kulturskulen er lovfesta. Dette har ikkje hindra den sterke svekkinga av dei to områda i kampen om kulturkronene. Folkebiblioteket står fram som den største taparen i budsjettkampen om kulturkronene. Her har det knapt vore realvekst i løyvingane etter tusenårsskiftet. Engerutvalet skreiv mykje om dette. Utan at det har stoppa nedgangen.

Store variasjonar
I statistikken eg har vist til ovanfor, er det lagt fram tal for kommune-Noreg samla. Men vi veit at det er store variasjonar i kultursatsinga rundt om i kommunane. Nokre prioriterer det veldig høgt, andre langt lågare. I 2019 utgjorde til dømes driftsutgiftene til kultur mindre enn 2 prosent av samla driftsutgifter i 26 kommunar og meir enn 7 prosent i 15 kommunar. 19 kommunar hadde samla driftsutgifter til kultur per innbyggjar på over 6000 kroner, i 24 kommunar var kulturdriftsutgiftene under 1400 kroner per innbyggjar. Kommunane i Finnmark brukar mest til kultur, Vestfold og Østfold-kommunane minst. Kommunane i Rogaland brukar 5,1 pst. av samla driftsutgifter til kultur, mens dei i Øst- og Vestfold nøyer seg med 3,5 pst. Håkonsen og Løyland har funne ein samanheng mellom kor store såkalla «frie inntekter» kommunane har, og kor mykje dei satsar på kultur. Dei viser til at kultur såleis er eit luksusgode, men samtidig eit luksusgode som mange tar seg råd til, så sant det er pengar til overs. Databasen Kostra har også tal over utviklinga av kulturutgifter i 16 ulike Kostrakategoriar. Her går det m.a. fram at gruppa som omfattar kommunane med høgast skatteinntekter per innbyggjar, ikkje uventa har betydeleg høgare kulturutgifter per innbyggjar enn noko anna kommunegruppe. Det gjeld omtrent alle kulturområda. Det går vidare fram at både små og mellomstore kommunar med høge, frie disponible inntekter brukar mest midlar på kultur innanfor sine kategoriar, uavhengig av om dei har høge eller middels låge bundne kostnader. Samanhengane her er ikkje like tydelege på alle kulturområda. Kommunar med middels eller høge bundne kostnader per innbyggjar og låge frie disponible inntekter, synest å ha lågast kulturutgifter. Men bildet sprikjer litt. Dette bør analyserast nærmare.Materialet viser elles at det er stor vilje til å satse på kultur i mange kommunar på tvers av politiske skiljeliner. Det er òg eit tydeleg faktum at kommunane satsar betydeleg meir på oppgåver som ikkje er lovpålagde, som t.d. kulturhus, festivalar/aktivitetar og idrett/idrettsanlegg, enn på lovpålagde oppgåver som kulturskule og bibliotek. På desse frie områda synest skilnadene å vere særs store mellom kommunar med og utan betydelege frie inntekter. Også her er det rom for analysar. Kvifor et idretten stadig større delar av kulturbudsjettet?
Kulturhus
Nokre kommunar har dei seinare åra satsa betydelege midlar på å byggje og ta i bruk nye, store og innhaldsrike kulturhus. Kva ligg bak slike satsingar? Eg har sjølv gjort ein studie av tre slike langvarige strategiske kulturhussatsingar, i kommunane (og småbyane) Hamar, Stjørdal og Bodø. Kulturhusprosessane i desse byane strekte seg over to-tre tiår. Det var eit sterkt folkeleg engasjement kring prosjekta alt frå starten. Det sentrale spørsmålet var: Har vi verkeleg råd til dette? Underforstått: Ein slik «luksus» kan vi ikkje unne oss. Prosessane tok til alt på 1980-talet, prosjekta vart sette i gang rundt år 2000, endelege byggjevedtak kom på plass i 2011–2012, og husa opna i 2014 og 2015. Alle prosjekta vart under betydeleg motstand borne fram av viljesterke ordførarar i spissen for ulike typar politiske koalisjonar. Dei to kulturhusa i Hamar og Stjørdal, til litt under og litt over 700 mrd. kroner, vart opna i 2014 og 2015. Striden om husa var knallhard, heilt til det siste. Særleg i Stjørdal var det bittert. Det endelege vedtaket om bygging av huset vart gjort med éi stemmes overvekt. Men i dag står begge kulturhusa svært sterkt i dei to småbyane. Det skuldast god planlegging, ein brei, open og folkeleg profil på tilboda, opne og imøtekomande bibliotek, populære og levande kulturskular, eit imponerande tilbod på øvingsrom for ulike typar musikk og dans, hus som lever heile dagen og kvelden, variert kinotilbod og kunstframsyningar iblant. Eit godt samarbeid med lokale kulturaktørar pregar husa. I Stjørdal hyser kulturhuset dessutan ei kyrkje og ein ungdomsklubb. Det gir spennande koplingar. Heile kommunens kulturforvaltning pluss den kyrkjelege administrasjonen held til i huset. Ein god miks. Dei omstridde kulturhusa har vorte ein suksess. Men det finst visst framleis eit par motstandarar både i Hamar, og iallfall i Stjørdal, som ikkje vil setje sine bein i husa. Det er verd å registrere at dei politiske partia som stod i spissen for kulturhusprosjekta, har gjort til dels svært gode kommuneval både i 2015 og i 2019. I 2011 var det derimot så vidt båten bar i Stjørdal. Kultur har kosta ein del, både i Hamar og i Stjørdal. Men på sikt ser det ut til å ha lønt seg. Kulturkvartalet Stormen i Bodø, til 1,3 mrd. kroner, har ei litt anna historie. Bodøværingane er stolte av Kulturkvartalet og har trykt vakre Stormen bibliotek til sitt bryst. Stormen konserthus, derimot, vart altfor lenge prega av at det ikkje ville opne dørene sine for byens mangfaldige song- og musikkliv. Handlingslamma politikarar orka ikkje gripe skikkeleg fatt i det. Det tok nesten seks år å få dette til.Det finst fleire slike døme på gode kultursatsingar kring om i landet. Dagens kultur(hus)satsingar har ikkje sin bakgrunn i lover og paragrafar, men i lokalt forankra langsiktig politisk og strategisk planlegging kring utvikling av gode og brukarretta kulturtilbod for innbyggjarane i kommunen. Dette har ein kopla med ei vellykka tenking kring kulturhus som moderne og levande arenaer for by- og sentrumsutvikling. Det er viktig å ha med seg at desse husa også er sete for kommunens bibliotek og kulturskule, og er viktige øvings- og framføringsarenaer for byens/kommunens lokale song og musikkliv, både dei unge og ikkje så heilt unge. Mange av dei nye og moderne biblioteklokala i landet vårt har kome til nettopp som ein viktig del av kommunens kulturhussatsing. Kort oppsummert kan vi slå fast at det i norske kommunar på 2000-talet har vore stor vilje til å satse på idrett/idrettsanlegg, ulike typar kulturbygg og den såkalla «begivenhetskulturen». Taparen er folkebiblioteket. Deretter aktivitetstilskot til barn og unge, og, etter kvart, kulturskulen. Dette viser dei tørre tala. Dette er inga «bombe». Engerutvalet skreiv mykje om saka. Utvalet meinte at det måtte til eit kulturløft III for kommunesektoren for å gjenreise den kulturelle grunnmuren. Men lite har skjedd.Elles har NOKU ivra sterkt for utgreiingar om politisk og administrativ organisering av kultursektoren. Den siste rapporten om dette (Miland og Kleppe 2019) fortel at dette er eit felt i stadig bevegelse. Variasjonane og modellane er mange og varierte. Slik har det vore lenge. Slik vil det vere i framtida. Det får ein ikkje lovregulert. Det viktigaste ein kan gjere her, er å bidra til at kommunesektoren får relevant kulturfagleg kompetanse inn i nøkkelstillingane. Her kan organisert aktivitet utgjere ein skilnad.
Ei samla og konkret kulturlov!
Ovanfor har eg gitt eit lite oversyn over sentrale trekk ved utvikling av kommunale kulturutgifter på 2000-talet. I hovudsak er utviklinga positiv. Men den gjeld ikkje alle kulturområda. Og nokre kommunar, ulike stader i landet, har satsa betydeleg på kultur. Andre har i liten grad gjort det. Vi skulle gjerne visst meir om kva som ligg bak dette. Men det at vi fekk ei eiga kulturlov i 2007, synest i liten grad å ha påverka utviklinga. Krefter i kulturlivet ønskjer no å styrke kulturlova. Det same gjer visst kulturpolitikarar i opposisjonspartia. Kulturministeren har lovt å sende ut eit høyringsnotat med utkast til ei revidert kulturlov i løpet av året. Kulturmeldinga «Kulturens kraft», som regjeringa la fram hausten 2018, trekkjer fram to hovudtema for revisjonen. Det første er «mulighetene for å styrke bestemmelsene som pålegger kommuner og fylkeskommuner et ansvar for å fremme og legge til rette for et bredt spekter av kulturvirksomhet.» Det andre gjeld ei muleg «lovfesting av armlengdeprinsippet». Norsk kulturforum (NOKU) la også i 2018 fram ein «Rapport om behovet for å styrke Kulturloven.» Også Engerutvalet foreslo «å styrke lovgrunnlaget for kulturpolitikken» (s. 319), m.a. gjere kulturlova til eit meir aktivt verktøy for utvikling av kommunale planstrategiar, flytte kul-turskuleparagrafen frå opplæringslova til kulturlova og ta kultur inn i Plan- og bygningslova på linje med folkehelse.Kulturlova bør altså få eit breiare innhald, verte meir konkret og meir forpliktande. Erfaringa så langt er at norske styresmakter er lite villige til å gå særleg langt i denne retninga. Det vi kan slå fast, er at Ot.prp. nr. 50 (2006-2007), der dagens kulturlov vart lagt fram, kontant avviste at lova skulle seie noko om ressursbruk og organisering: «Her har departementet frå første stund hatt ein tydeleg posisjon. Det er uaktuelt å bruka lova til å formulera konkrete eller detaljerte påbod om løyvingsnivå eller organisatoriske løysingar. Dette høyrer «derimot til dei oppgåvene som kontinuerleg må drøftast, vurderast og prioriterast i det politiske arbeidet» (s. 19). Kulturlova kan eller skal altså ikkje erstatte kulturpolitikken.Dagens kulturlov har liten verdi i praksis, og har heller ingen særleg symbolsk betydning. Lova bør derfor enten avviklast eller styrkast. Men kulturlivet og kulturpolitikarane synest framleis å ha tru på ei kulturlov som skal gripe inn i det kommunale sjølvstyret og på ulike måtar regulere den kommunale kulturverksemda. Problemet er berre at inga regjering vil leggje fram eit slikt lovforslag.Eg vil foreslå ein annan strategi. Om det var opp til meg, ville eg no ha prøvd å få til ei samla og utvida kulturlov som tek opp i seg gjeldande biblioteklov, kulturskuledelen av gjeldande opplæringslov og dagens kulturlov.
Det kommunale og fylkeskommunale ansvaret for å utvikle planstrategiar på kulturfeltet må dessutan tydeleggjerast i eigen lovparagraf. Det same gjeld krava til folkebibliotek og kulturskule frå dagens lovverk. Eventuelle særlege forpliktingar overfor folkebibliotek, kulturskule og anna kommunal kulturverksemd bør tydeleggjerast gjennom forskrifter til lova. Ei slik utvida kulturlov må ha forskrifter for dei enkelte områda lova gjeld for. Gjennom ei forskrift til paragraf 5 i dagens kulturlov om «felles oppgåver», bør ein òg kunne tydeleggjere (det finansielle) ansvaret partane; stat, fylkeskommune og kommune, har for ulike typar kulturinstitusjonar. Det er det minste vi kan vente etter den svært så mislykka regionreforma. Iverksetjinga av ei slik samla kulturlov må sjølvsagt følgjast opp med informasjonstiltak og synleggjering. Her har NOKU kome med gode forslag i sin rapport om kulturlova. Vi må dessutan rekne med at profesjonane knytte til bibliotek og kulturskule vil yte ein viss motstand mot ei slik felles kulturlov. Motargumentet er sjølvsagt den triste budsjettutviklinga for desse to felta dei siste 10–15 åra. Den kulturelle grunnmuren forvitrar. No er det høgt på tide å tenkje nytt. Ei felles og langt meir konkret kulturlov kan vere del av ein ny offensiv.Eg tykkjer derimot det er ein dårleg idé for det lokale og regionale kulturlivet å lovfeste det kulturpolitiske prinsippet om ein armlengdeavstand mellom dei som løyver kulturmidlar og dei som brukar desse midlane. Formålstenlege prinsipp frå kunstfeltet og statleg kulturpolitikk kan fort verke innskrenkande og udemokratiske i den lokale og regionale kulturpolitikken. Armlengdeprinsippet er hevdvunne i kunstpolitikken. Det vil det vere også i framtida. Lat det vere med det! Prinsipp treng inga lovfesting. Ei slik samla kulturlov som eg tek til orde for, vil først og fremst kunne femne om heile «den kulturelle grunnmuren», som lenge har vore det mest utsette området i den kommunale kulturøkonomien. Men med dette vil den nye lova også få eit konkret innhald, som det er lett å knyte kvantitative målsetjingar til. Dagens kulturlov er derimot ganske andletslaus. Ho handlar berre om «kulturverksemd». Kva no det enn måtte vere. Å velje «min» strategi, vil også spisse debatten om kulturlova. Den generelle (og andletslause) kulturlova frå 2007 er det derimot nesten ingen som bryr seg om. Ei lita endring av denne lova vil berre verte ein debatt for nokre få innvigde. Ei meir konkret og omseggripande lov vil utan tvil kunne reise ein heilt annan politisk debatt. Gi derfor dette forslaget ein sjanse. Å berre flikke litt på dagens kulturlov, har ingenting for seg. Lova har hatt null effekt.
Kulturkamerat Magnar Bergo, SV, bør gje meg mesteparten av veddemålsvinen tilbake!
Referansar
Aagedal,O./Egeland, H. og Villa, M. (2009): Lokalt kulturliv i endring. Norsk kulturråd/ Fagbokforlaget.
Klassekampen 2.8.2007.
Kulturdepartementet (KUD 2018: Meld. st. 8 (2018-2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida.
Kultur- og kyrkjedepartementet (KUD 2007): Ot.prp. nr. 50 (2006-2007): Om lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova).
Kyrkje- og undervisningsdepartementet (KUD 1973): St.meld. nr. 8 (1973-74) Om organisering og finansiering av kulturarbeid.
Kyrkje- og undervisningsdepartementet (KUD 1974): St.meld. nr. 52 (1973-74) Ny kulturpolitikk. Tillegg til St.meld. nr. 8 (1973-74) Om organisering og finansiering av kulturarbeid.
Kyrkje- og undervisningsdepartementet (KUD 1981): St.meld. nr. 23 (1981-82) Kulturpolitikk for 1980-åra.
Miland, K./Kleppe, B. (2019): Organisering og kompetanse i kommunal kultursektor. TF-rapport nr. 532.
NOKU (2018): Rapport om behovet for å styrke Kulturloven.
NOU 2013:4 Kulturutredningen 2014 (Engerutvalget).
Statistisk sentralbyrå (2019): Kulturstatistikk 2018. Statistiske analysar 163.
1 Kategorien 385 «Andre kulturaktivitetar og tilskot til andre sine kulturbygg» som omfattar i hovudsak tilskot til organisasjonar, aktivitetar, markeringar, kulturdagar og hendingar som vert drivne av eller er baserte på friviljug medverknad, pluss kategorien 386 «Kommunale kulturbygg».
Om forfatteren
Georg Arnestad (fødd 1948) har gjennom eit langt yrkesliv arbeid med høgare utdanning og med kulturpolitiske spørsmål. For det meste med base i Sogndal. Han er no aktiv pensjonist.